Prosjekt Ung Ut -sammen om tilbakeføring Sluttrapport

Publisert Siv Gaarder

Utgivelsesår: 2016

Kort om publikasjonen

Prosjekt Ung Ut 2013-2016 arbeidde med å styrke forvaltningssamarbeidet og for å utvikle kunnskap om unge varetektinnsette i Oslo fengsel. Målgruppa for prosjektet var norske og utanlandske varetekstinnsette mellom 18 og 25 år som enten skulle lauslatast frå varetekt eller overførast til dom. Målet med prosjektet var å sikre desse gruppene eit heilskapleg og koordinert tilbod, enten i fengsl eller utanfor murane. Ung ut hadde dermed også som mål å sikre varetektsinnsette ei trygg og føreseieleg tilbakeføring til samfunnet. 

Bakgrunnen for Ung Ut var kriminalomsorgsmeldinga (St.meld. nr 37 2007-2008), der tilbakeføringsgarantien blei omtalt i eit eige kapitel. Målet med tilbakeføringsgarantien er at domfelte skal raskt tilbake til samfunnet etter soning, og ingen skal stå på bar bakke når dei blir slopne ut av fengsel. Varetekstinnsette og utanlandske innsette blei i liten grad omtalt i denne meldinga.
Det var derfor eit behov for å finne ut av om tilbakeføringsgarantien også kunne vere ein garanti for varetektsinnsette. Det var også eit behov for å auke kompetansen og samarbeidsrutinar om prosjektet sine målgrupper.

Prosjektet blei sett i gang etter initiativ frå ”Nettverket for velferdsdirektoratene”. AVdir har saman med Hdir, Fylkesmannen i Hordaland, BUFdir, Politidirektoratet, IMDi, Utlendingsdirektoratet, KDi og Husbanken vore med i prosjektgruppa. 

Oversikt over hovudfunn

Nokre av erfaringane og tilrådingane som UNG UT meiner er spesielt viktige:

Kartlegge opphaldsstatus til den som er varetektsinnsett – status her bør vere utgangspunktet for eit målretta samarbeid mellom den innsette og tenesteapparatet innanfor og utanfor murane.

Politiet bør organisere innsatsen sin om unge vaksne på same måte som dei gjer med unge under 18 år og i VIC-gruppa. Kriminalomsorga bør tenke på politiet som ein viktig aktør i tilbakeføringsarbeidet med unge innsette for å unngå uføreseielege situasjonar og uoppgjorde saker.

Gjensidig kunnskapsutveksling og tettare samarbeid mellom kriminalomsorga og barnevernet i saker der dei unge har vore eller framleis er i barnevernet.

Unngå glippsoner ved lauslatingar ved å ha fokus på å unngå glippsoner ved innsettingar. Ein kan då unngå uføreseielege lauslatingar.

Utprøving av dialogverkstad i fengselet har bidratt til ny kompetanse i kriminalomsorga. Innsette har lært seg å kommunisere betre, og tilsette har hatt moglegheita til å fange opp radikalisering og valdeleg ekstremisme. Utprøving av dialogverkstaden danna grunnlag for utvikling av manual og kurs i gjennomføringa av dialogverkstad på Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter (KRUS)

Informasjonsheftet «Prison for dummies», som er for unge innsette, er laga av dei innsette sjølve i samarbeid med  tenesteapparatet.